Tredjeutkast til fylkesprogram for 2023 til 2027 er klart!

No er tredjeutkastet til nytt valprogram for fylkestingsvalet i 2023 klart! Medlemmer og lokallag i Vestland MDG inviteres no til å kome med forsalg og endringsforslag til fylkesstyret!
No er tredjeutkastet til nytt valprogram for fylkestingsvalet i 2023 klart! Medlemmer og lokallag i Vestland MDG inviteres no til å kome med forsalg og endringsforslag til fylkesstyret!
Sjekk ut utkastet til fylkesprogram her!
Frist for å senda forslag og endringsforslag:
19. februar 2023
Innstillinga frå fylkesstyret blir send til årsmøtet straks denne er klar!
Kven kan senda inn endringsforslag?
Alle medlemmer kan senda inn endringsforslag til valprogrammet, men endringsforslag skal vera signert av minimum to medlemmer eller eitt lokallag. Endringsforslag som berre blir signert med eitt namn blir ikkje behandla av fylkesstyret og vil ikkje sendast vidare til behandling på årsmøtet.
Alle forslag må sendast inn separat. Ein kan ikkje senda inn forslaga på PDF, Word eller e-post. Det er berre forslag sendt med dette skjemaet som blir behandla av fylkesstyret.
Presentasjon av fylkesprogrammet!
Programkomiteen ønskjer å invitera alle til ein digital presentasjon av fylkesprogrammet, ved fylkesvaraordførar og leiar av programkomitéen Natalia Golis. Her kjem komiteen til å gå gjennom dei viktigaste sakene i programmet, ulik usemje og det blir mogleg å stilla spørsmål direkte til medlemmene i komiteen.
Dato: 09. februar 2023
Tidspunkt: kl. 21.00 til kl. 22.00
Stad: Digitalt
Håpar me sjåast, og velkomen!