Bli kjend med Marius Dalin

Marius Dalin - 1. kandidat for MDG i Sogn og Fjordane

  • Kirurg og folkevald i Sunnnfjord kommune for MDG
  • 54 år
  • Tenåringspappa til tre
  • Naturvernar
  • Ta gjerne kontakt på: marius.dalin@mdg.no

Korleis starta det politiske engasjementet ditt?

Frå eg var liten har eg vore mykje ute i naturen og lært respekt for både dyr og plantar. Eg såg etterkvart korleis vi menneske la under oss naturen, som er leveområda til tallause sårbare liv. Bit for bit vert det mindre natur. Eg såg og kor urettvis verda er – somme er fødd fattige i land prega av korrupsjon, låg utdanning og dårleg helsestell, med liten sjanse til å gjere livet betre for seg og borna sine. Alt dette vekte rettferdskjensla og eit sterkt samfunnsengasjement i meg. 

Kva var det du sakna?

Eg sakna at ein ville sette naturen og klimakampen aller høgast. Det handlar om at ein ser dei lange linene i politikken, ikkje handlar ut frå kortsynte omsyn til økonomisk lønsemd. I det lange løp er det å redde naturen og klimaet det mest lønsame, både for lommeboka og for samvitet. Det er dei svakaste som råkast av klimaendringane og naturøydelegginga. Å øydelegge livsgrunnlaget for andre menneske og andre artar er største uretten i vårt århundre. Som far er det forferdeleg å tenkje på at mine born ikkje skal kunne få den tryggleiken eg har fått. 

Korleis fann du vegen inn i MDG?

Eg vart oppglødd då eg såg at Rasmus Hansson stod opp for naturen og klimaet. Eit parti som ikkje gjekk av vegen for å ta dei rette, men nokre gongar upopulære, vala som sikrar framtida for borna våre og planeten. Denne rørsla ville eg bli ein del av! 

Dei fleste andre partia meiner klimasaka er viktig. Kvifor trengs MDG?

Skilnaden på andre og oss i MDG er at vi ikkje har fløyar som er opptekne av heilt andre ting. I MDG har alle innsett at vi treng ei kraftig kursendring – vekk frå olje, asfalt og materialisme. Vi vil i staden ha ein rik natur, eit medmenneskeleg samfunn og eit leveleg klima for alle. Dei aller fleste av oss i Norge har langt meir materiell velstand enn vi treng. Det vi treng meir av er tid – tid til kvarandre.

Kvifor stiller du til val som stortingskandidat for Sogn og Fjordane i 2021?

Sogn og Fjordane har ein heilt eineståande natur. Den må vi ta vare på! Samstundes har vi utruleg gode føresetnader for å få til ekte grøn omstilling. Men då må vi tore å ta spranget. Vi har ikkje tid til å nøle. MDG går føre og viser veg, vi flyttar debattane og viser at det nyttar. Gjennom arbeidet mitt i kommunestyret i Sunnfjord ser eg at eg har evna til nettopp dette, å tørre å ta i dei vanskelege sakene, flytte debattane og få folk med meg.

-Kvifor skal veljarane i Sogn og Fjordane røyste på deg og på MDG dette valet? 

Fordi klima- og naturkrisa er vår tids største utfordring. Skal vi løyse utfordringa treng vi politikarar som brenn for saka. Veljarane våre kan vere heilt trygge på at vi vil slost for å sette grøne verdiar øvst.