Mariel Eikeset Koren

6. kandidat

Mariel er trebarnsmor og nybakt småbrukseigar på Sandane. Ho er talsperson i MDG Sogn og Fjordane og nestleiar i fylkesstyret. Ho var med på å starte lokallaget til MDG i Gloppen og er folkevald til kommunestyret. Ho driv kafé saman med systra, basert på økologiske og bærekraftige prinsipp. Mariel forsøkjer å setje naturvern og rettferdig forvalting av ressursane fremst i alle politiske spørsmål. Ho synest det er viktig å jobbe med bygdeutvikling, heiskapleg i regionar og i heile landet. Mariel vil fokusera på god landbrukspolitikk, grøn næringspolitikk og kulturpolitikk.