Natalia Golis

1. kandidat

Natalia Antonia Golis er i si andre periode på fylkestinget, er landsstyremedlem, sit i programkomitèen både i fylket og i Kvam og har vært fylkesleiar  i Hordaland MDG fram til årsmøtet i 2019. Ho nyter stor respekt i desse rollene. Natalia arbeidar idag som bygde- og næringsutviklar i Ulvik herad, og har budd i Kvam i Hardanger siden 2005. Ho har mastergrad i arabisk språk frå Universitet i Bergen og fra Jemen, med feltarbeid i Libanon og kurs i demokratibygging. Natalia har særs god forståing for politiske prosessar og har mykje kunnskap om utfordringane i Vestland fylke. Av dei politiske områda ho brenn for er samferdsel, distriktsutvikling og biologisk mangfold viktigst. Ho er oppteken av moglegheitene som ligg i ei modig satsing på ny næringsutvikling i regionen basert på teknologi, fornybar energi og marine næringar, og vil arbeide for eit berekraftig landbruk, akvakultur og reiseliv. Natalia er særs oppteken av kva livsgrunnlag me gjev vidare til komande generasjonar og for å nå våre klimamål kreves det modige val. Ho er ikkje redd for å stå opp mot flertallet for sine meiningar eller å søke samarbeide når det trengs, ho har god politisk diplomatisk teft og har vist med sitt motiverande leiarskap at ho har eit bankande grønt hjarte.