Pauline Tomren

3. kandidat, Skoleelev

- Vi må gjere dei gode løysingane lettare tilgjengeleg, sånn at fleire kan utdanne seg til grøne yrker, reise kollektivt og velje kortreist og vegetarisk mat.

Pauline er leiar for Grøn Ungdom Vestland og kjem frå Osterøy. Ho har fullført vidaregåande på Bergen Katedralskole, og har vore ein pådrivar for å arrangere skulestreik fleire stadar i Hordaland og Sogn og Fjordane. I haust skal ho studere interkulturell kommunikasjon og internasjonalt samarbeid. Ho brenn for god dyrevelferd, vidaregåande opplæring og eit betre kollektivtilbod. Ho er opptatt av at alle skal ha tilgong på god, vidaregåande opplæring i nærleiken av der dei bur. Ho vil gjere det enklare å bytte mellom ulike skular og linjer, sånn at fleire kan kjenne på mestringskjensle og fullføre vidaregåande innanfor ei tidsramme som passar den enkelte.