Når MDG deltar i styringa, skjer det merkbare endringar. Dette er ikkje berre eit politiske løfte, men tydelege resultat. Forskinga viser ein klar samanheng mellom MDGs innverknad i lokalpolitikken og ein nedgang i klimagassutslepp, spesielt innanfor sektorar som trafikk, avfall, avløp og oppvarming, skriv Juni Lund i mastergradsoppgåva si i statsvitskap.
Politisk engasjement for klima og natur har ein direkte innverknad på framtida til lokalsamfunn og planeten samla sett. Så når vi no ser dei nylege gjennomslaga i Vestland, er det ikkje berre ein siger for partiet, men ein siger for alle som bryr seg om naturen og som saman med oss strevar etter å nå klimamåla. Vårt engasjement i fylkespolitikken har ein reell og positiv effekt på framtida vår!
Innovasjon i kollektivtransporten
Koalisjonen innfører no eit nytt og fleksibelt billettsystem for kollektivtrafikken i fylket. Dette nye systemet vil gi progressive rabattar for kvar reise, noko som gjer enkeltbilletten litt billigare for kvar einaste reise du tar.
“Dette er eit stort steg framover for å oppnå nullvekstmålet i trafikken. Ved å gjere kollektivtransport stadig meir attraktiv, håpar vi å sjå vidare reduksjon av bilbruk i fylket. Det tar tid å bygge opp igjen kollektivvanar, så å kutte grovt no gjer det vanskeleg å bygge opp igjen. Derfor er vi avhengige av å ta vare på det gode kollektivtilbodet i fylket vårt,» seier Nils-Anders Nøttseter, gruppeleiar i Vestland MDG.
Støtte til ekspressbussrutene og ferjesamband
I tillegg til det fleksible billettsystemet, har vi sikra framleis drift av ekspressbussrutene i Bergensområdet. Dette er ein nøkkelkomponent for å halde oppe eit effektivt og tilgjengeleg transportsystem i eit stort og folkerikt område. Vidare sikrar vi ferjesambandet Kinsarvik-Utne som er særs viktig i Indre Hardanger, og vi sikrar dagruta med hurtigbåt på Sunnhordlandsruta. Ikkje minst står ambisjonen om nullutslepps hurtigbåtanbod ved lag.
Gjennom å sikra framleis god kollektivtransport, viser MDG engasjementet vårt for natur- og klimavennlege løysingar og ein meir heilskapleg og tilgjengeleg transportinfrastruktur på Vestlandet.
«Målet vårt er å vise at Vestland framleis er det beste føregangsfylke innan grøn og klimavennleg transport. Dette budsjettet reflekterer løftet vi har om å halda fram med å investere i framtida til oss som bur og lever i Vestland,» utdjupar Nils-Anders.
Ei grønare framtid for Vestland
Vi står på terskelen til ei ny tid med auka natur- og klimautfordringar, og vi meiner at innovative og grøne løysingar er heilt nødvendig for å sikre ei trygg og god framtid.
Gjennomslaga våre viser at når engasjerte, natur- og klimamedvitne politikarar får høvet til å forme politikken, kan viktige endringar skje. Det er eit klart signal til alle innbyggjarar i Vestland og elles: stemma di og engasjementet ditt gjer ein forskjell!
Saman kan vi skape betre lokalsamfunn og ei betre verd for natur og noverande og kommande generasjonar. La oss halde fram dette viktige arbeidet for eit grønare Vestland og ei meir berekraftig framtid – for alle, for alltid!