Miljøpartiet Dei Grøne i Vestland er stolte over å kunne dele at vi har fått store gjennomslag i den nye fylkestingsplattforma. Dette markerer ein milepæl for ein grønare og meir berekraftig framtid for innbyggjarane i Vestland fylke.
Les heile plattforma her!
Klima, miljø og natur!
Vi i Vestland MDG har sikre viktige sigrar i den nye fylkestingsplattforma, noko som ber bod om eit grønare Vestland framover! Vi er spesielt stolte av forpliktinga og vidareføringa frå plattforma av målet om nullutslepp innan 2030. Samtidig blir FNs berekraftsmål lagt til grunn for all planlegging, og forpliktar offentleg og privat sektor til samarbeid for å sikre klimakutt. Viktige steig for å ta betre vare på natur inkluderer strengare krav til vasskraft, forbod mot småkraftverk i verne vassdrag og vindkraft i urørt natur.
vi har også sikre at fylkeskommunen skal prioritere å redusere varig avskoging, spesielt av gammalskog. Dette er eit avgjerande steg for å verne skogane våre, som er avgjerande for biologisk mangfald og som karbonlager. I tillegg er plattforma i tråd med Montrealavtalen, og prioriterer derfor vern av naturressursar og biologisk mangfald. Dette gir MDG eit solid utgangspunkt for framtidig arbeid, og det gir oss grunn til grøn optimisme dei neste fire åra!
Vi fremjar grøn næringsutvikling!
«Fylket vårt har ressursane, kompetansen og folket som trengst for å skape ei berekraftig framtid,» seier Nils-Anders Nøttseter, som er ny gruppeleiar for MDG i Vestland. «Gjennom plattforma har vi sikre regionalt leiarskap i den grøne nærings- og nyskapingsomstillinga, mellom anna gjennom vidare satsing på initiativet Grøn region Vestland.»
Vi har fått gjennomslag for fleire nøkkelpunkt som vil bidra til ein grønare og meir inkluderande næringsutvikling, inkludert støtte til bedrifter som vil gjennomføre grøn omstilling og satse på gjenbruk og sirkulærøkonomi. Vidare har vi fått gjennomslag for ei styrking av tilgangen til næringslivet på risikokapital gjennom fylkeskommunale tilskotsordningar.
Samferdsel, kollektiv og mobilitet
«Samarbeidspartiene har saman med oss i MDG teke store steg i retning av eit klimanøytralt fylke,» seier Nils-Anders. «Vi har fått gjennomslag for ei rask og kontinuerleg utbygging av bybanen til Åsane, i tråd med vedteken reguleringsplan i Bergen. Dette er eit viktig steg for å gjere kollektivtrafikk til eit reelt alternativ for alle innbyggjarane i heile Vestland.»
Vestland MDG har også vore ein pådrivar for å prioritere rassikring, tryggje vegar, liv og helse framfor nye store vegprosjekt. Dette ligg heilt i tråd med prioriteringa vår av trygg og berekraftig infrastruktur for alle. Vi i MDG seier ja til trygge kvardagsvegar, og nei til store motorvegprosjekt!
Kultur, idrett og folkehelse
I tråd med fylkestingsplattforma er det eit klart fokus på kultur og idrett som viktige brikker for regional utvikling. «Vi har alltid trudd på at eit inkluderande samfunn er eit samfunn der alle har høve til å delta i kulturelle og fysiske aktivitetar,» forklarer Suzanne Rødseth, som framover skal representere MDG som nestleiar i Utvalg for Samferdsel og mobilitet. «Vi i MDG har jobbe for å sikre kultur, idrett og frivilligheita trygge og føreseielege rammer.»
Framtidsretta og inkluderande
Den nye fylkestingsplattforma legg også vekt på god samfunnsplanlegging, folkehelse og realisering av FNs klima-, natur- og berekraftsmål. «Dette viser at vi har lykkast med å setje ein heilskapleg og berekraftig dagsorden,» seier Kaya Stæger-Breisnes, som skal representere MDG som medlem av Utvalg for for Kultur, idrett og integrering. «Vi er enormt glade for gjennomslaga og ser fram til å jobbe hardt for å realisere dei i praksis.»
Det er ein gledeleg augneblink for oss i Miljøpartiet Dei Grøne i Vestland, og vi gler oss til å halde fram arbeidet for eit grønare, meir rettferdig og framtidsretta Vestland!
Ta gjerne kontakt med fylkestingspolitikarane våre her!
Vestland MDG – for eit grønare Vestland – for alle, for alltid!