Ja til villrein på Hardangervidda!

Bit for bit forsvinn naturen rundt oss. Ei hytte der og eitt jorde der, mange små nedbyggingar, ute i verda, og i kommunar i heile Noreg. Kvar for seg opplevast det ikkje dramatisk, men summen av inngrepa har gjort at vi no står i ei naturkrise. FNs naturpanel har samanfatta konsekvensane av denne politikken med full vitskapleg tyngd: Naturen toler det ikkje, og vi toler ikkje at naturen blir øydelagd.

18. januar 2023

I desember 2022 vart landa i verda samde om ein historisk naturavtale som slår fast at den negative trenden for naturen skal snuast. Dette vil innebera å stansa nedbygging av naturområde og restaurera tilbake ein rikare, meir mangfaldig og robust natur. Dette vil krevja krafttak for å sikra naturområde i Noreg, både nasjonalt og lokalt. 

Naturen vår kan ikkje leva på ambisjonane frå naturavtalen åleine, men krev politisk vilje og handling. SSB anslår at Noreg ligg ann til å byggja ned opp mot tre tusen kvadratkilometer natur dei kommande åra, og hyttebygging er ei viktig årsak til nedbyggingstrenda. Samtidig blir berre seks prosent av søknader om inngrep i verneområde avviste. Dette kan få store konsekvensar for artsmangfaldet. Vi er diverre langt frå å nå ambisjonane i naturavtalen.

Miljøpartiet Dei Grøne har på Stortinget fremja ei rekkje forslag for å styrka vern av naturen i tråd med ambisjonane i den globale avtalen. Målet vårt er å redusera nedbygginga av naturområde og sikra at Noreg blir arealnøytralt og stansa dispensasjonar til utbygging og inngrep i verneområde.

Miljøpartiet Dei Grøne i Vestland meiner difor at regjeringa må trekkja løyve og stansa utbygginga av Eidfjord Resort med alpinanlegg i Eidfjord. Alpinlandsbyen i Sysendalen er som kjend planlagd i eit område villreinen brukar, og vil redusera livsgrunnlaget. Etter løyvet vart innvilga i 2019 har villreinen hamna på raudlista som utryddingstruga art.

Det er uforsvarleg å tillate dette inngrepet i eit såpass sårbart naturområde. 

Vi må no prioritera å ta vare på den naturen me har, og sikre naturen gode vilkår for framtida. Dette må vi gjera både for oss som lever i dag, men også for generasjonane som kjem etter oss.

 

Nils-Anders Nøttseter

Miljøpartiet Dei Grøne i Vestland, 1. kandidat fylkestingsvalet 2023