Fyrsteutkast til valprogram for 2023 til 2027 er klar!

No er førsteutkastet til nytt valprogram for fylkestingsvalet i 2023 klart! Medlemmer og lokallag i Vestland MDG inviteres no til ei høyringsrunde! Gje ditt innspel i dag!

Programutkast med linjenummer finn du her! 

Send inn høyringssvaret ditt her!

Her er fyrsteutkastet til det me i programkomiteen håpar skal bli eit levande dokument dei neste par vekene. Der du som medlem kjem med innspel, tankar og refleksjonar. Programmet er nemleg DITT.

Me har gjennom dei siste vekene samla inn til eit program som opnar for innspel. Programmet er kort. Det skal kunna lesast og brukast. Det skal vera tilgjengeleg for innbyggjarane i Vestland, overkommeleg og inspirerande.

Programmet skal vera ei oversikt over kva Vestland MDG meiner og kva me vil med regionen vår. Men det skal også vera eit vegkart for fylkestingsgruppa når dei skal forhandla plattform, styra i ein brei koalisjon eller vera ein konstruktiv opposisjon. Slike vegkart må derfor opna for forhandling, kompromiss og moglegheiter. Samtidig som programmet ivaretek integriteten, verdiane og eigenarten for eit grønt parti.

Programmet er bygd opp i tre kapittel. Denne organiseringa blir spegla i måten politikken også blir utøvd, med hjarte for menneske som skal leva gode liv, behovet for meiningsfullt arbeid og verdiskaping, og eit overordna fokus på naturen og miljø som premiss. Dette er eit av hovudmåla til Vestland fylkeskommune.

Me i programkomiteen ønskjer debatt, innspel og dialog. Du kan delta direkte i prosessen gjennom å senda innspela dine til komiteen!

Me inviterer dykk også til tre digitale temamøte fram mot fristen der kvart kapittel vil bli gjennomgått og det er moglegheit for å diskutera både i plenum og i breakout-rooms.

Frist for innspel til førsteutkastet er 06. desember kl. 23.59.

Andreutkastet av programmet blir sendt ut på høyring saman med sakspapira til årsmøte 2023. Programmet skal endeleg vedtakast på Vestland MDGs årsmøte, 03. til 04. mars 2023.