Fylkestinggruppen 2019 til 2023

Hordaland MDG fikk 7% av stemmene i fylket ved fylkestingsvalget i 2019. Dette gav oss 5 representanter på fylkestinget. Natalia Golis er varaordfører for Vestland, og vi har plass i alle utvalgene i fylkestinget.

 

 

 

Varaordfører for Vestland fylke

Natalia Golis, Kvam

Natalia har vokst opp i California; hun flyttet til Trondheim, tok en Bachelor i teatervitenskap, og flyttet videre til Kvam herad i 2003. Hun har en master i arabisk språk og kultur fra Universitetet i Bergen og har studert og bodd flere år i Midt-Østen.

e-post: natalia.golis@mdg.no , telefon: 908 70 491

Representant for næring, naturressursar og innovasjon

Mark Taylor, Fjaler

Mark arbeider som kantor i Den norske kyrkje og har budd i Fjaler i over 20 år. Han er gift, to barn. Mark meiner at nokon må ta grep om klimaendringane og han er klar til å rydde kalenderen og brette opp ermene for å få reelle endringar på plass. Mark er kommunestyrerepresentant for MDG i Fjaler kommune. Han er aktiv i Grønn Kirke og har vore medlem i fylkesstyret i Sogn og Fjordane MDG. Mark har synt seg som ein dedikert og samvitsfull lokalpolitikar. Han er oppteken av å nå ut til veljarar over alt og vil spesielt jobbe for et godt kollektivtilbod i distrikta.

Representant for opplæring og kompetanse

Pauline Tomren, Osterøy

Pauline er leiar for Grøn Ungdom Vestland og kjem frå Osterøy. Ho har fullført vidaregåande på Bergen Katedralskole, og har vore ein pådrivar for å arrangere skulestreik fleire stadar i Hordaland og Sogn og Fjordane. I haust skal ho studere interkulturell kommunikasjon og internasjonalt samarbeid. Ho brenn for god dyrevelferd, vidaregåande opplæring og eit betre kollektivtilbod. Ho er opptatt av at alle skal ha tilgong på god, vidaregåande opplæring i nærleiken av der dei bur. Ho vil gjere det enklare å bytte mellom ulike skular og linjer, sånn at fleire kan kjenne på mestringskjensle og fullføre vidaregåande innanfor ei tidsramme som passar den enkelte.

Representant for samferdsel og mobilitet

Mona Høgli, Bergen

Mona er en nyutsprungen pensjonist på 63 år som har bodd i Bergen i 20 år. Ho er gift, har i alt fem søner/bonussøner, tre bonusbarnebarn og eitt bonusoldebarn og vil no bruke tid og krefter på Miljøpartiet Dei Grøne. Ho starta sin yrkeskarriere som bibliotekar, vart så journalist i avis og radio før ho gjekk over til kommunikasjonsfaget og blei kommunikasjonsdirektør i Helse Bergen i 15 år. Begeistra og utolmodig kan være stikkord for Mona. Ho vert lett entusiastisk, og vil få ting gjort. No! Dette er helt avgjerande for den tida vi er inne i, vi har inga tid å miste for å sikre en god fremtid for våre etterkomarar. Ho gler seg til å være med på å farga Vestland grønt!

Representant for kultur, idrett og integrering

Øyvind Strømmen, Samnanger

Øyvind Strømmen bur i Samnanger, er gift og har tre born. Han har utdanning innan journalistikk og religionsvitskap. Han arbeider til dagen som informasjonsrådgjevar, og er i tillegg skribent og forfattar. Som skribent har han særleg skrive om ulike former for politisk ekstremisme, blant anna gjennom bøkene Det mørke nettet, Den sorte tråden og I hatets fotspor. Han har også skrive ei bok om ungarsk historie og politikk, og ein biografi over Anders Lange.

Strømmen er fylkesleiar i MDG Vestland, og i tillegg til å vera fylkestingsrepresentant er han kommunestyrepolitikar i Samnanger.

e-post: oyvindstrommen@gmail.com, telefon: 41008595