Mogelege kandidatar til stortingslista 2025!

Fotocredit: Pernille Sommer | Vestland MDG sitt årsmøte i 2023

I Vestland MDG førebur me oss til stortingsvalet i 2025 med engasjement og dedikasjon. På denne sida kan du sjå våre mogelege kandidatar til stortingsvalet 2025. Dei er nøye utvalt gjennom ein god og inkluderande nominasjonsprosess leia av nominasjonsnemnda til fylkeslaget.

Arbeidet til nominasjonsnemnda er vitalt for å sikre at me stiller med dei beste kandidatane. Prosessen byrjar med ei oppmoding til lokallaga og medlemmene våre om å foreslå potensielle kandidatar. Dette sikrar at alle medlemmene våre har ei stemme i utveljinga og at kandidatane speglar verdiane og mangfalda til partiet. Når nemnda seinare leverer sin innstilling til stortingsvalliste, er det opp til nominasjonsmøtet å velje kven som skal representere Vestland MDG på vallista for 2025!

Du kan lese presentasjonen av kandidatane våre her!

Nemnda vurderer kvar kandidat grundig for å sikre at dei kan representere partiet på ein framifrå måte. Målsetjinga vår er å setje saman to vallister: Éin for Sogn og Fjordane valkrins og éin for Hordaland valkrins. Dei øvste plassane på listene er særleg ettertrakta, då desse posisjonane blir rekna som toppkandidatar. Skulle MDG oppnå representasjon frå Vestland, vil dei neste plassane på lista fungere som vararepresentantar til Stortinget.

Nominasjonsnemnda er samansett av eit breitt spekter av medlemmer frå ulike delar av regionen, alle med unik bakgrunn og erfaring. Dette sikrar ei balansert vurdering av kandidatar basert på ei rekkje perspektiv.

Engasjementet vårt

Kvar kandidat som stiller for MDG er driven av eit sterkt ønske om å bidra til ein grønare og meir rettferdig framtid, for alle, for alltid! Kandidatane våre er ikkje berre politikarar, men også dedikerte aktivistar, akademikarar, og lokalsamfunnsleiarar som alle delar ein felles visjon om ei grøn og berekraftig verd.

Som parti er me stolte over å fremje ein presentasjon med kandidatar som ikkje berre forstår lokale og nasjonale utfordringar, men som også er førebudd på å ta ansvarlege og innovative avgjerder på Stortinget.

Me ser fram til eit godt val og håpar på støtte frå medlemmene, frivillige og veljarar for å sikre at dei som til slutt kjem til å representere oss, får høve til å gjere ein reel forskjell.

Du kan lese presentasjonen av kandidatane våre her!

Nominasjonsnemnda består i 2024 av Odd Valland Bovim (leiar), Frida Kulleseid (nestleiar), Jakob Sande Haugset, Mark Taylor, Maria Thomassen (medlem), Thor Haakon Bakke, Hassan Bile Mohamed, Malin Nøss Vangsnes-Weaver, Oscar Hellberg-Kvalsvik (varamedlem).