Fotocredit: MDG Vestland fylkestingsgruppe

Berekraftig mat

I Mark Taylor talar for eit berekraftig mattilbod i Vestland fylke.

18. desember 2019

- Eit heilvegetarisk tilbod ved all fylkeskommunal matservering fremjar både helse, miljø og dyrevelferd, samtidig som det legg til rette for valfridom, appellerer til alle, og ekskluderer ingen.

I dag oppfordra vi fylkestinget til å lovfeste krav om eit fullverdig heilvegetarisk mattilbod ved all fylkeskommunal matservering. Eit slikt vedtak har vore gjeldande i Bergen og Oslo kommune sia 2012/2013. Det er på høg tid at også fylkeskommunane følgjer med i tida, og sett fokus på berekraftig mat. Eit heilvegetarisk mattilbod vil styrkje Vestland si satsing på helse og miljø. Det vil og medverke til eit større matmangfald og fremja valfridom.

Helsemyndigheita har lenge vore tydelege på at nordmenn bør avgrensa inntaket av bearbeidd kjøt. Fylkeskommunen har eit ansvar for å ivareta folkehelsa i regionen og å handle etter råd frå helsedirektoratet.

Vi forutsett at eit utvida mattilbod ikkje skal bidra til enkle løysningar. Vi må sikre at eit heilvegetarisk tilbod ikkje auke innkjøp av miljøfiendtlege råvarer som brasiliansk soya, råvara frå høg-mekanisert, storskala jordbruk eller produkt som krev eit høgt energiforbruk og utarming av matjorda. Vi ønskje bruk av råvarer som er kortreiste og økologiske, i staden for heil- eller halvfabrikat.

 

Interpellasjon: Berekraftig mat i fylkeskommunen    

I posisjonspartia si samarbeidsavtale står det at «Folkehelsetiltak som tilrettelagde sykkelvegar, sunn og kortreist mat, godt kantinetilbod ved offentlege institusjonar som vidaregåande skular og eit billeg og breitt idretts, kultur -og friluftsliv må ha høg prioritet.  Det er i folks kvardagsliv at god helse blir skapt.»

Eit enkelt og konkret tiltak for ein sunnare profil på mattilbodet i fylkeskommunen er ei auka satsing på plantebasert mat og redusert kjøtforbruk.

Norske helsemyndigheiter tilrår «eit variert kosthald med mykje grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk, og avgrensa mengder bearbeidd kjøt, raudt kjøt, salt og sukker». Når det gjeld varme måltid i skulen tilrår Helsedirektoratet også konkret at fisk bør tilbydast minst ein til to gongar i veka, at det «alltid kan tilbys eit vegetarisk alternativ» og at hovudalternativet bør vera ein plantebasert rett «minst ein gong i veka eller oftare».

Eit kosthald som i større grad er plantebasert vil også kunna gje reduserte klimagassutslepp:

Ifølgje Miljødirektoratet si klimalovrapportering frå 2018 kan eit meir plantebasert kosthald bidra til ein utsleppsreduksjon tilsvarande 2,66 millionar tonn CO2-ekvivalentar fram mot 2030. Bjørn Vidar Vangelsten ved Nordlandsforskning har også peikt på at ei slik omlegging vil kunna bidra til å auka den norske sjølvforsyningsgraden, samstundes som norsk kjøtproduksjon i større grad bør basera seg på våre eigne beiteressursar, i tråd med rike tradisjonar blant anna i Vestland fylke.

Oslo og Bergen kommune vedtok allereie i 2012/13 at vegetarisk mat skal vera tilgjengeleg ved sida av kjøt og fisk, Oslo har også fått ein fast vegetardag. Dei nye byråda i Oslo og Bergen har no fastlagt ei ytterlegare satsing: i Oslo skal plantebasert mat vera standardalternativet på kommunale arrangement, og nysatsinga på dagleg skulemat skal vera plantebasert. I Bergen skal det vera minst ein kjøtfri dag i veka ved kommunale kantiner.

Til sist bør det understrekast at eit meir plantebasert kosthald også bør ha eit berekraftsfokus utover dette, med fokus på bruk av gode, norske råvarer, og på å unngå produksjon med høgt energiforbruk og utarming av matjord som resultat.

 

På følgjande bakgrunn vert følgjande spørsmål stilt:

Korleis vil fylkesordføraren bruka den matserveringa som skjer i fylkeskommunal regi til å fremja eit kosthald i tråd med norske helsemyndigheiter sine tilrådingar?

 

I tillegg vert det gjort følgjande framlegg til vedtak:

  1. Fullverdig og heilvegetarisk mat skal gjerast tilgjengeleg og synleggjerast kvar dag i fylkeskommunale kantiner. Tilbodet skal vera likeverdig med andre rettar.
  2. Vestland fylkeskommune skal ha som mål å redusera kjøtforbruket med 45% i fylkeskommunal matservering innan 2030, i tråd med klimamål, noko som også inneber sterkare satsing på plantebasert mat og på fisk.
  3. Vestland fylkeskommune skal ha plantebasert mat som standardalternativ på minst 40 prosent av fylkeskommunale arrangement.
  4. Vestland fylkeskommune skal løfta fram heilvegetarisk mat minst ein dag i veka i fylkeskommunale kantiner, gjennom styrka tilbod og informasjonsarbeid, til dømes gjennom «Kjøtfri måndag».
  5. Vestland fylkeskommune ynskjer styrking av kompetansen rundt god plantebasert mat, blant anna gjennom skulering og samarbeid om menyplanlegging.