Innstillinga til fylkestingslista for Vestland MDG er klar!

For fyrste gong i historia legg nominasjonskomitèen i Miljøpartiet Dei Grøne Vestland frem si innstilling til valliste til fylkestingsvalet i 2019.

27. november 2018

Nominasjonskomiteen har innstilt på Natalia Golis som fylkesordførerkandidat og fyrsteplass på vallista.

Leiar for nominasjonskomiteen, Kjell Magne Fagerbakke, seier dette om innstillinga: “I nominasjonskomiteen er vi utruleg glade for at vi fekk inn så mange forslag til solide kandidater. Lista vi har innstilt på i dag er motiverte til å gjere Vestland til det grønneste fylket i landet. Dette er ei liste som vil gjer ein god jobb med å kutte utslipp, skape nye grøne arbeidsplasser på Vestlandet og sikre en berekraftig distrikstutvikling.”

Om førstekandidaten Natalia Golis har han følgjande å seie:

“Natalia Golis kjem til å løfte både den nye regionen og Vestland MDG i denne viktige startfasen. Ho er ein person som kjenner forholdene i heile det nye fylket, og har solid erfaring frå fylkespolitikken og næringsutviklingen på Vestlandet. Dette er ein kandidat med handlekraft, kunnskap og utolmodigheit. Det var ein samrøystes komité som gjekk inn for at Golis skal toppe årets liste.”

Sjå den fulle innstillinga saman med ei grunngjeving og meir info om nominasjonskomitèen og deres arbeid her

 

Omtale av toppkandidatane:

 

 

1. Natalia Antonia Golis - 1980 – Kvam

Natalia Antonia Golis er i si andre periode på fylkestinget, er landsstyremedlem, sit i programkomitèen både i fylket og i Kvam og er i dag fylkesleiar i Hordaland MDG. Ho nyter stor respekt i desse rollene. Natalia arbeidar idag som bygde- og næringsutviklar i Ulvik herad, og har budd i Kvam i Hardanger siden 2005. Ho har mastergrad i arabisk språk frå Universitet i Bergen og fra Jemen, med feltarbeid i Libanon og kurs i demokratibygging. Natalia har særs god forståing for politiske prosessar og har mykje kunnskap om utfordringane i Vestland fylke. Av dei politiske områda ho brenn for er samferdsel, distriktsutvikling og biologisk mangfold viktigst. Ho er oppteken av moglegheitene som ligg i ei modig satsing på ny næringsutvikling i regionen basert på teknologi, fornybar energi og marine næringar, og vil arbeide for eit berekraftig landbruk, akvakultur og reiseliv. Natalia er særs oppteken av kva livsgrunnlag me gjev vidare til komande generasjonar og for å nå våre klimamål kreves det modige val. Ho er ikkje redd for å stå opp mot flertallet for sine meiningar eller å søke samarbeide når det trengs, ho har god politisk diplomatisk teft og har vist med sitt motiverande leiarskap at ho har eit bankande grønt hjarte.

2. Mona Høgli -1955- Bergen

Mona er en nyutsprungen pensjonist på 63 år som har bodd i Bergen i 20 år. Ho er gift, har i alt fem søner/bonussøner, tre bonusbarnebarn og eitt bonusoldebarn og vil no bruke tid og krefter på Miljøpartiet Dei Grøne. Ho starta sin yrkeskarriere som bibliotekar, vart så journalist i avis og radio før ho gjekk over til kommunikasjonsfaget og blei kommunikasjonsdirektør i Helse Bergen i 15 år. Begeistra og utolmodig kan være stikkord for Mona. Ho vert lett entusiastisk, og vil få ting gjort. No! Dette er helt avgjerande for den tida vi er inne i, vi har inga tid å miste for å sikre en god fremtid for våre etterkomarar. Ho gler seg til å være med på å farga Vestland grønt!

3. Mark Taylor – 1968 - Fjaler

Mark arbeider som kantor i Den norske kyrkje og har budd i Fjaler i over 20 år. Han er gift, to barn. Mark meiner at nokon må ta grep om klimaendringane og han er klar til å rydde kalenderen og brette opp ermene for å få reelle endringar på plass. Mark er kommunestyrerepresentant for MDG i Fjaler kommune. Han er aktiv i Grønn Kirke og har vore medlem i fylkesstyret i Sogn og Fjordane MDG. Mark har synt seg som ein dedikert og samvitsfull lokalpolitikar. Han er oppteken av å nå ut til veljarar over alt og vil spesielt jobbe for et godt kollektivtilbod i distrikta.

4. Nils-Anders Nøttseter -1980- Bjørnafjorden

Nils- Anders Nøttseter har hovedfag i informatikk og jobbar i ein 90% stilling med programmering og systemadministrasjon hos Machina AS. Han er gift og har to barn. Han sit i kommunestyret og formannskapet i Os og er første vara til fylkestinget i Hordaland. Nils-Anders var tidlegare styreleiar i MDG Os. Han har jobba med både programutvikling og rekruttering til MDG. Han er ambisiøs og ettertrykkjeleg i sin argumentasjon for grønne saker. Nils-Anders engasjerer seg i samferdselspolitikk, kulturpolitikk og klekker ut gode strategier generelt for å få gjennombrot for MDG's politikk.

5. Pauline Tomren -1999- Grøn Ungdom- Osterøy

Pauline Tomren er leiar for Grøn Ungdom Vestland og MDG Osterøy. Ho har nyleg fullført VG3 ved Bergen Katedralskole hvor hun var ein del av redaksjonen i skuleavisa. I dag jobbar ho for Leger uten Grenser. Ho har tidlegare vore sekretær og nestleiar i GU Hordaland. Pauline har fronta grøn politikk gjennom debattar i skulevalkampen og er engasjert i kulturtilbodet til ungdom. Ho vektlegg skulepolitikk, infrastruktur og rassikring som interesseområder i fylkespolitikken. Pauline er rett på sak og inderleg når ho snakkar om miljøpolitikk og kan og ta tak i andre tema på ein kreativ måte.

6. Mariel Eikeset Koren – 1987 - Gloppen

Mariel er straks trebarnsmor og nybakt småbrukseigar på Sandane. Ho er talsperson i MDG Sogn og Fjordane og nestleiar i fylkesstyret. Ho var med på å starte lokallaget til MDG i Gloppen og er folkevald til kommunestyret. Ho driv kafé saman med systra, basert på økologiske og bærekraftige prinsipp. Mariel forsøkjer å setje naturvern og rettferdig forvalting av ressursane fremst i alle politiske spørsmål. Ho synest det er viktig å jobbe med bygdeutvikling, heiskapleg i regionar og i heile landet. Mariel vil fokusera på god landbrukspolitikk, grøn næringspolitikk og kulturpolitikk.

7. Øyvind Strømmen - 1980 - Samnanger

Øyvind Strømmen jobbar som informasjonsrådgjevar i Kvam herad og har publisert ei rekke bøker og artiklar om blant anna ekstremisme og radikalisme. Han er gift og har tre barn. Han er representant på fylkestinget, sit i kommunestyret i Samnanger og er medlem av det nasjonale valglovutvalet. Øyvind er varamedlem i landsstyret og har bidrege i ei lang rekke ulike verv i MDG. Øyvind er engasjert i skulepolitikk, i å få bilane ut av bykjerna og i korleis klimasaka kan inkluderast i kommune- og fylkesøkonomien. Øyvind snakker med tyngde når det gjeld politikk og han sit på verdifull kunnskap og erfaring.

8. Janne Bruarøy - 1975 - Bergen

Janne Bruarøy har utdanning innan turisme og interiørdesign, og har brei erfaring frå ulikt kulturarbeid og restaurantdrift. Ho er gift, har to barn og er selvstendig næringsdrivende interiørarkitekt. Janne er med i fylkestingsgruppa til MDG Hordaland, nestleiar i Bergen MDG sitt styre, og kontaktperson for Grønt kvinnenettverk i Hordaland. Ho er interessert i å jobbe med helse, skule og kultur. Ho er løysingsorientert, kreativ, effektiv, fleksibel og blid.

9. Øystein Bønes - 1978 - Bergen

Øystein Bønes har studert økonomi, statistikk og samfunnsfag ved Universitetet i Bergen. Øystein har variert yrkesbakgrunn og jobbar til dagleg som salskonsulent i Bedriftsrådgivning Vest AS. Han har hatt ei lang rekkje partiverv, og har mellom anna vorte vararepresentant frå 2011 og seinare fast representant i bystyret, der han i dag er partiets representant i komite for barnehage, skule og idrett. Han er også med i programkomiteen og styret i MDG Bergen. Han har eit breitt politisk engasjement, men er mest oppteken av byutvikling og transportpolitikk. Har vore sykkelpendlar i Bergen halve livet!

Nominasjonskomiteen for Vestlandet MDG

  • Liv Løken - Førde
  • Gøran Johansen - Aurland
  • Mark Taylor - Fjaler
  • Jan Sortland - Bergen
  • Hege Torghatten - Askøy
  • Suzanne M Rødseth - Vaksdal
  • Kjell Magne Fagerbakke - Bergen
  • Erik Reitan - Bergen
  • Kjell Ove Førde - Førde