Kaya (17) er ungdomskandidaten til Vestland MDG!

Kaya (17) er ungdomskandidaten til Vestland MDG! Og vart intervjua av Firdaposten denne veka!

23. november 2022

Kaya Stæger-Breisnes (17) frå Eikefjord fekk tredjeplassen på Vestland MDG si fylkestingsliste. Kaya var einstemmig innstilt frå nominasjonsnemda, og vart einstemmig vedtatt som tredjekandidat av nominasjonsmøtet til Vestland MDG!

I eit intervju i Firdaposten seier Kaya blant anna at hen er andre års elev ved Firda VGS på Sandane der eg går på dramalinja. Eg er politisk engasjert og er medlem av Kinn MDG. Eg er også leiar i Grøn Ungdom Nordvestland. Eg bur heime i Eikefjord og helgependlar.

Med å vere tredjekandidat er Kaya mest truleg sikra plass i fylkestinget etter valet!

Kaya kjemper mellom anna for betre kollektivtrafikk og at unge stemmer også skal høyrast på!

– Eg skal tale dei unge si sak i saker som angår oss unge. Me kan ikkje late 40-åringar bestemme over det som angår oss, seier Kaya bestemt i eit intervju til Firdaposten!

Gratulerer så mykje med plassen Kaya!