Nils-Anders Nøttseter, den kommande gruppeleiaren vår, vil sitje i fylkesutvalet og i næring. Suzanne Michelle Rødseth tek på seg rolla som nestleiar i Utvalet for Samferdsel og mobilitet, medan Kaya Stæger-Breisnes blir medlem av Utvalet for Kultur, idrett og integrering». Nærværet vårt i desse viktige utvala sikrar at vi kan setje eit stort grønt avtrykk på politikken i fylket! Fylkesordførar Jon Askeland uttrykte takksemda si for fornya tillit og understreka at den vidareførte samarbeidsavtalen vil gi føreseielegheit og stabilitet i fylket i dei kommande åra.
Eit samarbeid for eit betre Vestland
Vi er særleg entusiastiske over å halde fram arbeidet i det som vi meiner er Noregs grønaste fylke. Som Nils-Anders uttalte, «Ambisjonen vår er å løfte Vestland fylke til nye høgder, både økonomisk og berekraftig. Vi ser for oss å vere ei leiande stemme når det gjeld naturpolitikk og miljøbevaring. I partnarskap med kommunane skal vi tilby ekspertisen vår i å kutte klimagassutslepp og forvalte naturen berekraftig. Men politikk handlar også om menneska det berører. Derfor legg vi stor vekt på mangfald og deltaking. Vi ønskjer å skape eit inkluderande fylke der alle stemmer blir høyrt, og der alle har eit likestilt høve til å bidra og påverke samfunnet vi lever i.».
Det har vore stor semje og tillit mellom partia i denne koalisjonen, og det er ei gjensidig forståing for at vi jobbar mot felles mål om ein grønare og meir rettferdig retning for Vestland. Stian Davies, den påtroppande fylkesvaraordføraren frå Arbeidarpartiet, framheva viktigheita av å byggje vidare på suksessen som fylkeskommunen allereie har oppnådd.
Kva kan du forvente?
Som eit viktig forvaltningsnivå, er målet å vere føreseielege og styrkje vidare utvikling på område som kollektivtrafikk, utdanning, og psykisk helse. Vi gler oss spesielt til å jobbe for auka satsing på natur og miljø, kollektivtrafikk, samferdsel, og kultur i dei kommande åra!
Eit av dei mest spennande prosjekta vi ser fram til å arbeide med, er bybanen, som koalisjonen planlegg å byggja i tråd med gjeldande reguleringsplan!
17. og 18. oktober konstitueres vi, og vi ser fram til å setje i gang med arbeidet!
Kontaktinformasjon til dei faste fylkestingsmedlemmene våre:
- Nils-Anders Nøttseter: na@mdg.no
- Suzanne Michelle Rødseth: suzanne@mdg.no
- Kaya Stæger-Breisnes: kayastaegerbreisnes@gmail.com