Miljøpartiet Dei Grøne Vestland er stifta!
MDG Hordaland og Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane blei den 24.11.2018 slått saman til Miljøpartiet Dei Grøne Vestland. Den historiske hendinga skjedde i Bergen.
MDG Hordaland og Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane blei den 24.11.2018 slått saman til Miljøpartiet Dei Grøne Vestland. Den historiske hendinga skjedde i Bergen.
Grøne ildsjeler frå heile Sogn og Fjordane og Hordaland var laurdag samla i Bergen for å stifte Miljøpartiet Dei Grøne Vestland. Natalia Golis (Hordaland) blei vald til leiar for interimstyret for fylkeslaget medan Mariel Eikeset Koren (Sogn og Fjordane) blei vald til ein av to nestleiarar. Dei er klare på at samferdsle vil vere eit viktig tema for det nye fylkeslaget.
I tillegg til stifting av fylkeslaget, var møtet lagt opp med programarbeid for nye Miljøpartiet Dei Grøne Vestland.
Nasjonal talsperson Arild Hermstad var også til stades på møtet og heldt mellom anna ein appell om å ta vare på havet.
- Vi ønskje massiv satsing på rassikring og trygge vegar for heile fylket, auka ladenett for el-bil og bedre kollektivsatsing i hele fylket både til på sjøen og på land. Både næringslivet, det offentlege og innbyggjarane skal kunne bevege seg trygt og elektrisk i heile fylket, seier Golis og Korèn.
- I Tromsø sørga Dei Grøne for at regjeringa gikk på eit sviande nederlag: Oppdrettsnæringa får ikkje herje i Tromsø i opne anlegg, dei skal inn i lukka anlegg. Om ikkje får dei ikkje konsesjon. Vestlandet er det området med dei største problema knytt til oppdrett. Dette kan ikkje halde fram, og, Dei Grøne vil bidra til at oppdrettsnæringa her i vest blir berekraftig, seier Arild Hermestad.