Nytt styre, ny kraft!

Fotocredit: Pernille Sommer | Bilde fra årsmøtet med Birger Berntsen i sentrum nederst (nr. 4 fra høyre)

På årsmøtet til Miljøpartiet Dei Grøne i Vestland denne helga samla fylkeslaget medlemmer frå heile fylket for å vedta viktige resolusjonar og velje eit nytt styre, med mål om å akselerere overgangen til eit grønare og meir berekraftig samfunn og næringsliv. Årsmøtet markerte eit viktig skritt i innsatsen til fylkespartiet for å møte dei enorme natur- og klimamessige utfordringane me på Vestlandet står overfor.

11. mars 2024

Nytt styre!

I spissen for dette arbeidet står det nyvalde styret, som gjennom fleire år har vore leia av Birger Berntsen frå Vaksdal. Saman får Birger no med seg Trine Hofsvik Strønen (Bjørnafjorden) og Janne Kjellevold Midtbø (Askøy) som nestleiarar. Styret skal i år arbeide iherdig for å realisere Vestland MDG sine ambisjonar for eit grønare Vestland, støtta av fleire dedikerte styremedlemmer frå heile regionen. Heile oversikta over styremedlemmer kan de sjå her.

Med mandatet me no har fått frå årsmøtet ser fylkesstyret no fram til eit produktivt år med hardt arbeid fram mot stortingsvalet, med auka engasjement for natur og klima, og me inviterer alle interesserte til å delta i denne viktige innsatsen. Det er heilt klart at det er MDG som leier an i den grøne omstillinga. Gjennom politikken vår vil me vise at natur- og klimavenleg utvikling ikkje berre er nødvendig, men også mogleg og lønnsam,” sa Birger Berntsen til deltakarane på årsmøtet.

Birger Berntsen, som tok attval, har vore fylkesleiar i Vestland MDG dei siste fem åra, og har brei tillit blant medlemmene i fylkeslaget.

Vestland MDG styrkjer innsatsen for ei berekraftig framtid

Ein av dei mest diskuterte temaa under årsmøtet var ein viktig resolusjon knytta til å klaregjere norsk næringsliv for grøn omstilling, som var vedteke på årsmøtet. Vestland MDG ønskjer å sette ein ambisiøs plan for å maksimere utnyttinga av allereie nedbygde naturområde for ny næringsverksemd, samtidig som me sikrar vernet av urørt natur. Me vil derfor kartleggje etablerte og uutnytta næringsområde for å sikre at ny verksemd vert etablert på gråe arealer, utvikle desse i tråd med arealetterspurnaden til næringslivet og sikre vidareutdanning av arbeidskrafta slik at ho kan nyttast betre i den grøne omstillinga. Me vil derfor sikre 100.000 nye, grøne arbeidsplassar! Heile resolusjonen kan de sjå her, saman med dei andre resolusjonane som var vedteke på årsmøtet.

MDG er heilt klar på at Vestlandet må ta ei leiande rolle i omstillinga mot eit meir berekraftig næringsliv og samfunn, og ta eit klart standpunkt ved å minimere vidare naturøydeleggingar, men samtidig sikre og fremme grøn og trygg økonomisk  aktivitet i harmoni med naturens tålegrenser. Det er kun gjennom eit grønt og berekraftig næringsliv som me kan sikre grunnlaget for økonomisk og sosial utvikling for framtida. Gjennom konkrete tiltak og strategiar vil Vestland MDG halde fram med å vere den leiande krafta for natur og klima i Vestland fylke, for oss som lever i dag og for komande generasjonar.

—-

Årsmøtet vart gjennomført søndag 03. mars 2024, frå kl. 10.00 til kl. 16.30.