Fotocredit:

Raset i Jølster er ein forsmak på kva vi har i vente

Raset i Jølster er ei tragedie. Eg har djup medkjensle med alle dei som er råka. 

5. august 2019

Raset er også eit varsku: i ein rapport om klimaendringane sine konsekvensar i Noreg, framgår det at hyppigare jordras er blant det me kan venta oss. Diverre er både Noreg som nasjon og norske kommunar på etterskot med å tilpassa seg dei klimaendringane som allereie skjer. Det er skremmande. Dette er eit nasjonalt ansvar, og noko som burde stå høgt på prioritetslista til ei kvar regjering. 

 

Trass for at etterslepet er stort på både klimatilpassing og vegvedlikehald i det nye Vestland fylke, har regjeringa ikkje prioritert dette høgt nok, vere seg til oppgradering av avlaupssystem i by og bygder eller til flaum- og rassikring av vegane våre. Istadenfor vert det nytta pengar på avgiftslette som legg til rette for meir klimautslepp, og på store og dyre motorvergar framfor trygge vegar og betre kollektivtilbod. Tenk på kor mange trygge og oppgraderte vegar me kunne fått for prisen av den planlagte motorvegen til Trengereid, for ikkje å snakke om monstervegen Hordfast, prissett til 40 milliardar.  

 

Ekstremvêr er klimakrisa sitt språk. Vêret me elles hadde hatt vert meir ekstremt: varmare, villare og våtare. Når ekstrem nedbør kjem rett etter varme og tørke vert skadene større. Dette veit me, og dette såg me også i Jølster. Utfordringa frametter vil vera at rasa kjem til å gå oftare, og på stader der det ikkje har gått ras tidlegare. Forskere på Norce og Bjerknessenteret meiner dette særleg vil gjera seg gjeldande i bratte vestlandslier. Både meteorologar og klimaforskarar har påpeikt at uvêret som råka Jølster neppe er ei eingongshending. Det aller viktigaste me gjer for å førebyggja stadig meir ras og skred, med store menneskelege og økonomiske kostnader, er å kutta i utsleppa og dempa klimaendringane. Skal me klara det, må me vedkjenna at me står overfor ei krise. Det gjorde Hordaland fylkesting i sommar, diverre utan røystene til Høgre og Framstegspartiet. No krevst det ein politikk som vågar å prioritera det viktigaste for oss: tryggleik og vårt felles livsgrunnlag. 

 

I tillegg er me nøydde til å styrka kommunane si evne og moglegheit til klimatilpasningstiltak. Sjølv om me skulle klara brasane som verdssamfunn, og oppnå dramatiske utsleppskutt globalt, endrar klimaet seg allereie og vil det endra seg meir frametter, også her på Vestlandet. Difor må me førebu oss på at dette vil råka igjen. Hand i hand med klimakuttinnsats, må me difor satsa på klimatilpasning og på styrka vernebuing. På vår prioritetsliste står det på topp.