Fotocredit:

Samarbeidspartia legg fram nytt Vestlandsbudsjett

Ap, KrF, SV, MDG, V og Sp har lagt fram eit budsjett som blant anna sikrar skular, skjermar kollektivtrafikken, og gir eit løft til kultur og frivilligheit.

26. november 2019

Samarbeidspartia samla seg om prioriteringane i budsjettet for Vestland.  For dei seks samarbeidspartia har det vore viktig å sikra ei forsvarleg økonomisk styring av det nye storfylket, og samstundes sikre så gode tenester som mogleg til innbyggjarane i fylket.

I dette budsjettforslaget klarer vi å både kutte utgiftene med om lag 100 millionar kroner, samstundes som vi satsar på skule, klima og frivillig arbeid, og skjermar kollektivtrafikk.  Det klarar vi gjennom omprioritering innan svært knappe økonomiske rammer.

Dei største satsingane i partia sitt budsjettframlegg ligg innan opplæringsfeltet, der skulane blir tilført meir enn 17 millionar kroner, og skulesektoren får nærare  40 millionar. Koalisjonen vidarefører ordningane med skulefrukost og vaksine mot hjernehinnebetennelse og utvidar desse satsingane til heile Vestland. Fleirtalspartia styrkar ordninga med skulepsykologar, som var føreslått nedlagt av fylkesrådmannen.

– Det viktigaste vi kan gjere for å utjamne sosiale forskjellar, og sikre at det er mogleg å bu og leve i heile fylket, er å trygga ei god vidaregåande opplæring. Det gjer vi ved å styrke skulebudsjetta, sikre breidde i utdanningstilbodet, sørge for at elevane får mat på skulen, tilgang til psykolog og ei billigare utdanning. Då gir vi ungdommane dei beste føresetnadene for å lukkast. Det vil både den einskilde elev og samfunnet tena på.

Vidare har samarbeidskoalisjonen funne rom for fleire klimatiltak, som mellom anna klimaplan for Vestland fylke. Klimasatsinga viser også att i auka satsing på kollektivtrafikk.

Byvekstforhandlingane ser ut til å gje utteljing for Vestland. Det ligg an til at fylket får 50 millionar kroner til å redusere billettprisane i Bergen med, og rundt 80 millionar til fleire ruter og avgangar. Disponeringa av desse midlane kjem partia attende til når forhandlingane er avslutta og byvekstavtalen er signert.

– I rådmannen sitt budsjettarbeid var det føreslått å kutte i avgangar i kollektivtrafikken i og rundt Bergen. Vi har vore opptekne av å skjerme kollektivtilbodet, og det ligg difor ikkje forslag til kutt i avgangar i vårt budsjettframlegget. Vi ser fram til å styrke kollektivtrafikken med både billegare billettar og høgare frekvens når forhandlingane om ny byvekstavtale er sluttført.

Frivillig arbeid og kultur har vore ei viktig satsing for samarbeidspartia. Koalisjonen har difor prioritert auka tildelingar til små og store institusjonar, lag og organisasjonar i heile Vestland.

– Kultur og frivillig arbeid er limen i samfunnet vårt, og kulturen har ein eigenverdi. Difor styrkar vi denne sektoren, og aukar tildelingane til ei rekke aktørar som bidreg til å gje folk i fylket vårt ein arena for utfolding og fellesskap.