Suzanne (36) er andrekandidaten til Vestland MDG!

Suzanne (36) er andrekandidaten til Vestland MDG! Og vart intervjua av Vaksdalposten denne veka!

23. november 2022

Suzanne Rødseth (36) frå Vaksdal fekk andreplassen på Vestland MDG si fylkestingsliste. Suzanne var einstemmig innstilt frå nominasjonsnemda, og vart einstemmig vedtatt som andrekandidat av nominasjonsmøtet til Vestland MDG!

I eit intervju i Vaksdalposten denne veka fortel Suzanne om engasjementet hennar knytt til klima og miljøsaka! Særleg vil Suzanne kjempa for den frivillige innsatsen i fylkeskommunen og sikra at fylkeskommunen ser behovet til dei gruppene som har lite makt i dag! Me kan alltid gjera meir for desse gruppene seier Suzanne.

Samtidig vil Suzanne kjempa for ny toglinje mellom Arna og Stanghelle, og at dette må prioriterast framfor Hordfast!

– I dei krevjande tidene me står i, er det viktig at me utnyttar ressursane våre på ein smart måte, spesielt med tanke på dei verkeleg store invisteringene. Til dømes med å prioritera vedlikehald og sikring av vegar, framfor digre motorvegar. Ferjefri E39 er både veldig kostbart og øydelegg mykje natur. K5-prosjektet gjer vegstrekninga mykje tryggare og vil betra togtilbodet mellom Bergen og Oslo.

Suzanne jobbar i dag som vikar i sekretariatet nasjonalt, og byrjar over nyttår i ny jobb som gruppesekretær for bystyregruppa til Bergen MDG!

Gratulerer så mykje med andreplassen Suzanne!