Vestland MDGs fylkestingsgruppe søker ein gruppesekretær!

Vi søker ein person som kan bidra vår fylkestingsgruppe og fylkesvaraordførar i det daglege arbeidet med å gjere Vestland grønare, meir fremtidsretta og meir berekraftig.

14. januar 2020

Politiskrådgivar/ Gruppesekretær for MDG Vestland

Arbeidsgiver: MDG Vestland
Stillingstittel: Politiskrådgivar/ Gruppesekretær
Frist: 31.03.2020
Ansettelsesform: Fast
Stilling ledig: Gruppesekretær / politisk rådgivarMiljøpartiet Dei Grøne gjorde eit godt val i Vestland fylke, og partiet har no fem representantar i Vestland fylkesting. For å bistå politikarane i det praktiske arbeidet og med å utvikle ny, god og grøn politikk,  søkjer vi no etter gruppesekretær / politisk rådgivar i 100 prosent stilling. Det er førebels eit åremål på fire år, men med moglegheit for forlenging. Sekretæren / rådgivaren vil jobbe direkte under gruppeleiaren som også er fylkesvaraordførar. Stillinga vil vere ein sentral del av det politiske arbeidet i den nye fylkeskommunen.

Eigenskapar

  • God oversikt og evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Læringsvillig
  • Generelt god digital forståing
  • God formidlingsevne
  • Høg motivasjon og arbeidskapasitet
  • Gode samarbeidsevner

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med og god kompetanse på dokumenthandtering
  • Innsikt i politikk og evne til å skrive politiske forslag
  • Fagkunnskap som er relevant for arbeidet i fylkestingsgruppa
  • Erfaring frå organisasjonsarbeid
  • Erfaring frå publisering av nettartiklar og redigering av bilder
  • Gode kunnskapar om sosiale medier
  • Grunnleggande kunnskap om videoproduksjon er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, både nynorsk og bokmål
  • Medlemskap i partiet er ikkje ein føresetnad for å søke, men du må kunne stå inne for partiet sitt verdigrunnlag og politiske profil

Arbeidsoppgåver

  • Bistå i utforming og oppfølging av planar og strategiar
  • Førebu møte i utval og fylkesting
  • Saksutgreiing
  • Innkalling og avvikling av møte i fylkestingsgruppa
  • Sekretærarbeid i ulike utval
  • Bistå medlemane i gruppa med innhenting av fakta og skriving av innlegg i media
  • Oppdatere nettsider
  • Føre regnskapet for gruppa
  • Halde kontakt med medlemane i gruppa og med relevante eksterne organisasjonar
  • Delta i samarbeidet med dei andre politiske partia på fylkestinget
  • Samarbeide og sikre koordinering med partiorganisasjonen lokalt og nasjonalt

Vi tilbyr

  • Stillingsomfang: Heiltid
  • Lønn etter avtale
  • Arbeidsstad: I utgangspunktet fylkeshuset i Bergen, men andre geografiske stader er mogleg om det er naudsynt av praktiske årsaker

Søknadsfrist: 31. mars 2020

Oppstart etter avtale.

Vil du ha meir informasjon om stillinga kan du ringe gruppeleiar Natalia Golis tlf. 908 70 491 eller Mona Høgli tlf. 958 90 468

Stillingsutlysning på Finn