Vestland MDGs fylkestingsgruppe søker ein gruppesekretær!

Vi søker ein person som kan bidra vår fylkestingsgruppe og fylkesvaraordførar i det daglege arbeidet med å gjere Vestland grønare, meir fremtidsretta og meir berekraftig.

14. januar 2020

Fylkestingsgruppa til Miljøpartiet Dei Grøne i Vestland skal no tilsetje ein gruppesekretær i 100 prosent stilling. Stillinga er eit åremål på fire år og med moglegheit for forlenging. Sekretæren vil jobbe direkte under gruppeleiaren og bidra inn i det politiske arbeidet i tillegg til administrative oppgåver.

Stillingen er underlagt fylkestingsgruppa og i det daglege, gruppeleiar. Arbeidsoppgåver vil være:

  • Oppdatering av gruppa sitt interne rekneskap. Vidareformidle rekneskapoppdrag til fylkestingsgruppa sitt rekneskapsbyrå og delta i å utarbeide internt budsjett og rekneskap for fylkestingsgruppa.
  • Booke reisar og påmelding til konferansar og andre arrangement.
  • Oppdatering av møtekalendarar
  • Gi råd og hjelpe gruppeleiar og fylkestingsrepresentantar i det daglege arbeidet deira.
  • Skriving og utsending av innkalling til møter i fylkestingsgruppa.
  • Bestille rom og mat til møter.
  • Mindre innkjøp og tilrettelegging av fylkestingsgruppa sine møte.
  • Referatsskriving og ferdigstilling av køyreplan fram mot møter i fylkestinget og utval.
  • Assistere utvalsmedlemmer ved behov.
  • Saksutgreiing.
  • sekretærarbeid i ulike utval
  • oppdatere møtekalendarar
  • utarbeide notat til ulike organ i gruppa
  • kontakt med medlemma og eksterne organisasjonar
  • koordinering med partiorganisasjonen lokalt og nasjonalt
  • Andre oppdrag som fell naturleg inn under stillinga. Avtalast i samarbeid med gruppeleiar.

 

Eigenskapar

  • God oversikt og evne til å arbeide strukturert
  • Lærevillig og fleksibel
  • Generelt god digital forståing
  • God evne til å formidle
  • Sjølvstendig og initiativrik
  • Høg motivasjon og arbeidskapasitet
  • God til å samarbeide

 

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med og god kompetanse på dokumenthandtering, spesielt i Google Drive
  • God politisk innsikt og evne til å skrive politiske forslag
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg, både bokmål og nynorsk
  • Erfaring frå organisasjonsarbeid
  • Kunne publisere nettartiklar og redigere bilete
  • Gode kunnskapar om sosiale medium
  • Medlemskap i partiet er ikkje ein føresetnad for å søkje, men den vi tilset må kunne stå inne for dei grunnleggande verdiane og den politiske profilen til Miljøpartiet Dei Grøne.

 

Vi tilbyr

  • Stillingsomfang: Heiltid
  • Løn etter avtale
  • Arbeidsstad: Kan avtalast

 

Søknadsfrist: 28. januar

Tiltreing: Snarast mogleg

Søknad med CV kan sendast til natalia.golis@mdg.no med kopi til vestland@mdg.no

 

Arbeidsgivar: Miljøpartiet Dei Grøne

Stillingstittel: Gruppesekretær

Næraste overordna: Gruppeleiar

Stillingsbrøk: 100%