Vi doblar! Bli med!

Vi skal over sperregrensa og inn på Stortinget!
Nasjonalforsamlinga treng fleire grøne respresentantar og vi har dei beste folka til å sitte på vippen i Stortinget.

30. juni 2025

 

Scann koden eller trykk her for å komme til nettsida vår for kronerullinga. Merk bidraget ditt med “dobling Vestland”
 

Vi som er dine kandidatar og politikarar i Vestland har no slått oss saman for å utløyse ei historisk kronerulling i fylket. Vi har lagt ein god slump pengar i potten, og vil invitere alle vestlendigar som sympatiserer med det grøne prosjektet til å delta!

For kvar krone du donerer til Miljøpartiet Dei Grøne i Vestland via denne vippskoden så donerer vi eit tilsvarande beløp. Sender du inn 100 kroner, eller 700 eller 5000, ja så sender vi inn samme sum. Marius, Frøya, Andreas, Marie, Suzanne og Nils-Anders vil doble alle gåver som kjem inn heilt til vi treff taket vårt på  kr 155 000 

 

Invester nokre av feriepengane i betre klima!

Få Frøya, Marius og ein drøss med flinke varafolk på Stortinget!

 

Vi oppfordrar til å bruke Vipps, men har du ikkje dette kan du og sende pengar direkte inn på kontoen til Miljøpartiet Dei Grøne Vestland 1254.05.02380

Bidrag over 10 000 kr vert offentleggjorte av SSB i valår.