Vi må ta vare på verdsarven vår!

Vi i Miljøpartiet Dei Grøne Vestland (MDG) ønskjer å bevara Aurland og Flåms verdsarvstatus og styrkja satsinga på grøn turisme, og ønska våre fekk merksemd i NRK denne veka!

14. april 2023

Aurland og Flåm står i fare for å miste sin verdsarvstatus dersom Arbeidarpartiet får viljen sin og tillèt kortsiktig vinning gjennom cruiseskip og auka turisme. Vi i Miljøpartiet Dei Grøne åtvarar derfor mot konsekvensane av ei slik utvikling og argumenterer for at verdsarvstatusen er ein stor fordel som må bevarast og brukast som eit verktøy for å forhindra ytterlegare press på naturen.

Vår førstekandidat for Aurland MDG, Unni Underdal, uttalar til NRK at «Vi må samla oss om verdsarvstatusen og bruke denne som ein fordel, ikkje kaste han på båten for kortsiktig vinning.» Ho peikar på at naturen, landskapet og menneska som bur her er det som gjer Aurland og Flåm til attraktive stader å bu og besøkje. I staden for å satse på cruiseindustrien, bør strategien vere å halde fram arbeidet for at alle aktørar stiller med nullutslepp og konkurrerer på like vilkår.

Toppkandidaten vår Nils-Anders Nøttseter, frå Vestland MDG, kallar Arbeidarpartiets forslag eit «fullstendig bakvendt påfunn.» Han meiner at eit endeleg punktum må setjast for cruiseturisme som truar naturen og klimaet vårt. Nøttseter foreslår at Vestlandet heller bør satsa på turisme utan klimabelastande flyreiser og utslepp frå cruiseskip. Dette vil gi større nærleik til dei gode naturopplevingane.

Gjennom FN sin naturavtale har Noreg nyleg forplikta seg til å verne minst 30% av land, elvar og havområde. Aurland har allereie verna mykje natur, noko som er bra, men med tanke på at mange kommunar framleis slit med å få til varig vern av naturen, skal det ikkje vere rom for å oppheva vern av sårbare naturområde. Vi i MDG ønskjer derfor å samla oss om verdsarvstatusen og arbeida for ein berekraftig og grøn turisme som varetek både naturen og interessene til lokalsamfunnet.