Vi vil ha raskare og billigare togtilbod!
I helga så vedtok Vestland MDG å sikre raskare og billigare togtilbod mellom Bergen og Oslo! Vi treng fleire avgangar og billigare billettar på togreisene!
I helga så vedtok Vestland MDG å sikre raskare og billigare togtilbod mellom Bergen og Oslo! Vi treng fleire avgangar og billigare billettar på togreisene!
Me i Miljøpartiet De Grønneønsker å satse på tog som kan konkurrere med fly både på pris og tid. Gjennom å gjere tog til eit reelt alternativ til flyreiser, vil det vere mogleg å reise raskt og komfortabelt i tillegg til at reise blir langt meir miljø- og klimavennleg. Ved å redusere talet på flyreiser vil me kunne redusere klimagassutsleppa og den negative påverknaden på miljøet som følgjer med. I tillegg vil togreiser kunne gi ein meir avslappa og behageleg reiseoppleving, med høve til å nyte utsikta, slappe av og arbeide undervegs, i motsetning til ein travel og ofte stressande flyplass og flyreise. Me trur på ei berekraftig framtid, og ser på tog som den viktigaste delen av den framtidige kollektivsatsinga!
Å satse på tog er kanskje ei av dei viktigaste investeringane me kan gjere for framtida. Ved å auke kapasiteten og kvaliteten på togtilbodet i Noreg, vil me gjere det lettare og meir freistande for folk å velje det klimavennlege alternativet. Dette vil igjen føre til mindre klimagassutslepp og lågare miljø- og naturbelastning.
Samtidig vil me sikre at reiser med kollektivtransport blir eit billig alternativ for alle. Derfor må billettane til buss og tog bli mykje billigare enn dei er i dag. Me vil derfor prioritere billigare billettar til alle gjennom å sikre eit nasjonalt reisekort til 499 kroner i månaden. Med eit nasjonalt reisekort vil du kunne reise så mykje du vil innanfor ein månad, og til alle destinasjonar i heile Noreg.
Men det stoppar ikkje der. Me i Miljøpartiet Dei Grøne ønskjer også å byggje nattog til København, Berlin og Paris. Dette vil gi folk høvet til å reise lenger med tog, og samtidig redusere talet på flyreiser. Nattog vil også vere ein meir behageleg og miljøvennleg måte å reise på, då ein kan sove i løpet av reise og samtidig unngå unødvendig flystress.
Å revolusjonere togtilbodet i Noreg vil vere ei stor utfordring, men det er ei utfordring me er villige til å ta. Me trur at dette vil vere ei viktig investering for framtida, og vil bidra til å skape eit meir berekraftig og miljøvennleg samfunn for alle, for alltid.